Eg er takknemleg for å vere med I gruppa “Høye damer I Høye Hæler”!

Eg blei med I april-14 å etter at eg blei med har eg ikkje bare komme over min egen sperre på å gå i høge heler igjen, eg har og komme over det med å faktisk bruke dei kler eg vil og høge hele, noke som har vuri ein terskel I mitt hue meir enn noke anna stad. 

Eg har vokse som person følar eg. Hører ikkje så mykje på det negative mine vener seier om høgde min heller, korfor skal eg? Det er jo mitt val. Siden desember I fjor har eg brukt heler mykje meir mest pga. at det er den beste medisinen for min rygg. Krasje ryggen min går eg rundt i leilegheita i ti femten minuttar å sjå er ryggen fin etterpå.

Siden eg no i august begynte i praksis har eg ikkje brukt heler like aktiv i jobb, mest fordi eg stange lampane i taket viss eg bare har meir enn 5cm ekstra, men hima er dei på eller når eg treffer vener! Eg ønskjer å få kjøpt noken meir både kule og pene sko eg kan bruke når eg følar for det, men akkurat no er det lita som skjer der. Dels handlar det om mangelplass i garderoben… men og den der økonomien som bør vere på plass. Men eg Nyter kvar dag eg har anledning til å gå i heler!

Mitt neste innkjøp av sko er å finne pene svarte sko på maks 5cm, å ha på jobb å dei synast eg er meget vanskeleg å finne. Men eg gir ikkje opp! Å sjå ønskjer eg eit par kule sko, lita annorlunda, ein sko som ikkje så mange har… men eg veit fortsatt ikkje heilt kva det er eg vil ha så vi får vel sjå kva eg ender opp med.  Å eg har funnet ei sko av Nike og Reebook med høg hel (sjå bilte), dei er så tøffe men og så vanskelege å finne i Skandinavia.. eg fant ei sport-side i UK som solte dei, men då blir jo toll-avgift ofte så høg.. Så eg gjettar på at det må til ein tur til UK for å finne ut av dette. Så eg gleder meg allereie no for den turen uansett når den blir av!

Frå andre innlegg har eg snappe opp at mange av oss har vanskelegheitar med å finne kler… Eg må sei at eg er glad for det eg finner som voksen idag, idag er utbudd så mykje betre enn når eg var barn! Som tenåring måtte eg (å det er sikker noken som kjenner igjen seg her) gå på herreavdeling for å finne trøyer som var lange nok i ermane å jeans (olabukse) som hadde riktig lengde men aldri som sat i midja, nei dei hovna på hoftene… Eg har slitt så masse med å finne bukser som sitter der dei skal sitte. Eg blei på mange moter ei «tomboy» pga. klarne.
Men idag prøvar eg å sy det eg kan, å kan eg ikkje sy prøvar eg meg fram tils det blir som det skal. For sta for å gi opp å lære meg å sy som voksen! Eg trur vi alle prøvar på våras måtar for å finne ut kva vi kan gjere, å det er bra!

Eg er takknemleg for alle mulige tips i gruppa! Støtte vi har oss imellom uansett kva det gjeldar. Å eg veit at det er mange som ikkje sei så mykje men som får ei «boost» av å lese det som blir skrivet, så fortsatt med det damer!

Vi treng kvarandre!

Vennlig hilsen Mia-Simone (189cm uten skor).

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s